Overvaking av lakselus 2013

Lakselus
Foto: Havforskningen/Karin Kroon Boxaspen

Årets overvaking av lakselus på ville bestandar av laks, sjøaure og sjørøye er no i startfasa og blir trappa gradvis opp utover våren. Langs Vestlandet og Midt-Noreg er feltarbeidet i gang, i Nord-Noreg startar det noko seinare på grunn av lågare sjøtemperatur og dermed mindre lus. Feltarbeidet vert avslutta i august/september.

Så langt som mogeleg vert resultata analyserte parallelt med feltarbeidet. Det vil også i år kome to foreløpige framdriftsrapportar, den første i juni og den andre i september. Den endelege rapporten kjem i desember.

Nasjonalt overvakingsprogram

Det nasjonale overvakningsprogrammet dekker Norskekysten frå Sandnesfjorden i sør til Porsangerfjorden i nord. Havforskingsinstituttet leiar overvakinga som blir gjennomført i samarbeid med NINA, UNI-miljø og Rådgivende biologer. Overvakinga er bestilt av Mattilsynet som har hovudansvaret for å overvake sjukdomssituasjonen og  kartlegge effekten av tiltak mot lakselus i nasjonale laksefjordar.

Om overvakinga

Målet med overvakinga er å få nok datagrunnlag til å evaluere effekten av nasjonale laksefjordar og Mattilsynet sine soneforskrifter, samt å skaffe data for å vurdere lakselus i henhold til regjeringa sin strategi for en miljømessig bærekraftig havbruksnæring. Data frå overvakinga vert og nytta for å følgje opp forslag til førstegenerasjons målemetode for miljøeffekt (effektindikatorar) med tanke på påverknad av lakselus frå oppdrett på viltlevande laksefiskbestandar. Det blir gjort for å vurdere om tiltaka som forvaltning og næring startar er riktige og tilstrekkelige.

les mer om lakselus

Scroll to top