Fisken har gått i fella

 Hordalands største oppgangsfelle i elv vart montert i det nasjonale laksevassdraget Etne i april 2013. Det er så langt ikkje fanga oppdrettslaks i fella. 

Første villaksen (11 kg. )som vart sleppt forbi fiskefella. Frå venstre Tor Egil Holmedal frå dugnadsgjengen og Vidar Børretzen, som er formann i Etne Elveigarlag.

Første villaksen (11 kg.) som vart sleppt forbi fiskefella. Frå venstre Tor Egil Holmedal frå dugnadsgjengen og Vidar Børretzen, som er formann i Etne Elveigarlag. Foto: Ø. Skaala, Havforskingsinstituttet. Sidan oppstart har ein regnbogeaure, åtte sjøaurar, og 21 villaks mellom 5 og 14,5 kg gått i fella. Prosjektet er eit unikt samarbeidsprosjekt mellom elveeigarar, havbruksnæring og forvalting. Tiltaket har ein driftsperiode på tre år og ein kostnadsramme på ca 2,4 millionar kroner. I tillegg kjem mykje dugnadsarbeid. les mer
Scroll to top