Rømmingsmelding frå lukka anlegg

forflaate-300x174For første gong har Fiskeridirektoratet mottatt melding om mistanke om rømming frå eit lukka anlegg. Omfang og årsak er ikkje klarlagt. I tillegg har rømminga skjedd frå ein lokalitet som ikkje er klarert for oppdrett.

Fiskeridirektoratet ved FMC (Fisheries Monitoring Centre) mottok 12. november melding frå selskapet Aquaculture Innovation AS i Brønnøysund om mistanke om rømming frå ein lokalitet selskapet brukar i samband med ein FoU-konsesjon. Anlegget fisken rømte frå er eigd av selskapet Bindalslaks AS.

– I samarbeid med politiet og Mattilsynet vil vi ha folk på staden for å prøve å finne ut kor stort omfang rømminga har og kva som kan vere årsaka til rømminga, seier regiondirektør Janne Andersen i Fiskeridirektoratet region Nordland. Styresmaktene jobbar for å prøve å finne ut kor stort omfang rømminga har og kva som kan vere årsaka til rømminga

Ikkje klarert

Lokaliteten selskapet driv forskningskonsesjonen på er ikkje klarert for bruk, og dette er dermed eit brot på tildelingsføresegna.

– Vi vil no sjå raskt på saka, men kva slags oppfølging og eventuell reaksjonsform dette vil få er ikkje mogeleg å gå ut med no. Vi vil vurdere både mistanken om rømt fisk og det forholdet at lokaliteten er tatt i bruk før det ligg klarering til dette, seier Andersen. Selskapet har ein forskningskonsesjon for å teste ut oppdrett i lukka anlegg og dette er første gong Fiskeridirektoratet har fått melding om rømming frå lukka anlegg i sjø.

– Dette er ein hendelse som det er viktig å dra lærdom av, både i forvaltninga og næringa. Derfor er det avgjerande å få klarlagt kva som er årsaka til rømming frå eit lukka anlegg som i dette tilfellet. Selskapet melder at det skal ha vore eit straumbrot ved anlegget som har satt ei pumpe som fører sjøvatn inn i anlegget ut av funksjon, men om dette har ein direkte samanhang med hendelsen veit vi ikkje, seier seksjonssjef Henrik Hareide ved tilsynsseksjonen i Fiskeridirektoratet

Scroll to top