Skal forsøke å overvåke rømt fisk

anlegg-126x200Havforskingsinstituttet får i oppdrag av Fiskeridirektoratet å organisere eit nytt nasjonalt overvakingsprogram for rømt laks i vassdrag. Den raske ekspansjonen i oppdrett av laks og genetiske endringar i fleire bestandar av villaks har bidrege til at forvaltinga har behov for meir informasjon om kor mykje rømt fisk det faktisk er i vassdraga langs kysten.

Ansvaret for å overvake rømt laks er tillagt fiskerimyndigheitene, og Nærings- og fiskeri­departementet ønskjer ein betydeleg styrka innsats på overvakinga av rømt oppdrettslaks.

Det har vore gjennomført overvaking av rømt fisk i vassdrag sidan 1989 med små ressursar. Av omsyn til samfunnet sitt behov for betre oversikt over denne miljøutfordringa, er det nødvendig å skalera opp og samordna planlegging, gjennomføring og rapportering.

Havforskingsinstituttet har difor fått i oppdrag av Fiskeridirektoratet å organisere eit nytt nasjonalt overvakingsprogram for rømt laks innanfor ei tilhøyrande budsjettramme på 7 millionar kroner.

Fleire forskarmiljø samarbeider
Som ei oppfølging inviterte Havforskingsinstituttet dei sentrale forskarmiljøa Norsk Institutt for Naturforsking (NINA), Rådgivende Biologer, Uni Research Miljø og Veterinærinstituttet til planleggingsmøte av eit nytt, oppskalert overvakingsprogram. Møtet vart halde på Solstrand fjordhotell 26.-27. mai, der også Fiskeridirektoratet og Miljødirektoratet deltok.

På møtet vart det etablert ei nasjonal prosjektgruppe, samansett av Havforskingsinstituttet, NINA, Rådgivende biologer, Uni Research Miljø og Veterinærinstituttet. Desse forskarmiljøa representerer det beste av relevant fagkompetanse, og har forskarar som er internasjonalt leiande på fagområdet.

Det vart utarbeidd ei liste med lakseførande vassdrag som grunnlag for overvakinga og informasjon til forvaltninga.

Overvakingsprogrammet vil vere i virksomhet frå og med 2014.

Scroll to top